Tuesday, April 24, 2007

Jabbing om litt av kvart...

I dag gjekk det plutseleg opp for meg at det snart er mai! Litt vilt at det berre er to månader til ferien! Snart eksamen folkens!
Men eg er i alle fall ferdig med den første musikkorienteringstentamenen...
På torsdag ber det heim att igjen! Vert utruleg deilig med 5 dagar fri!
Sjølv om dei kanskje kjem til å gå med til teorilesing og øving.. jaja.. Sørlandet lokkar uansett!

Eg irriterar meg over buss/togforbindelsane frå Stavanger til Kvinesdal.. Ikkje mykje å skryte av for å seie det på den måten.. Eg har store problemar med å kome meg heim torsdagskvelden.. For skal eg rekke det siste toget, må eg reise kl 10 ifrå Kongshaug.. Lite populært.. Så i dag har eg ringt rundt å høyrt med alle eg veit køyrer frå Stavanger til Vest-Agder, men ingen av dei reiser akkurat når eg skal heim... er ikkje det typisk..

Men det kjem jo ingenting godt ut av å bekymra seg.. Så derfor satte eg meg til slutt ned å las i Garman & Worse.. Trur det kjem til å ta litt tid før eg kjem inn i språket, men eg har bestemt meg for å sjå positivt på det, og derfor ser eg fram til å skrive oppgåve om den boka!

3 comments:

swingvild said...

Du kan godt smitte meg litt med den positive innstillingen til Garman og Worse;)
Mari, forresten.
Men du kan sikkert smitte Ingvald og:P

Sigrid said...

Sant må begynne å lese den boka der...hehe..
Skal bli deilig å komme heim att ja.

Vibeke said...

hørte nettopp at du e imot facebook, då e me to for å sei da sånn.. :) konge! ellers so va du herlig på framføringen av gospel-songen! Praise the Lord!:D du e digg!

Post a Comment