Friday, July 22, 2011

Umiddelbar reaksjon


(foto: tv2.no/scanpix)

Gud signe vårt dyre fedreland 

(trykk på tittelen for å høre litt av sangen)


Gud signe vårt dyre fedreland 
og lat det som hagen bløma!
Lat lysa din fred frå fjell til strand
og vetter for vårsol røma!
Lat folket som brøder saman bu,
som kristne det kan seg søma!
Vårt heimland i mørker lenge låg,
og vankunna ljoset gøymde.
Men Gud, du i nåde til oss såg
din kjærleik oss ikkje gløymde;
du sende ditt ord til Noregs fjell,
og ljos over landet strøymde.

Og Noreg det ligg vel langt mot nord,
og vetteren varer lenge;
men ljoset og livet i ditt ord
det ingen kan setja stenge.
Om fjellet er høgt og dalen trong,
ditt ord heve då sitt gjenge.

Så blømde vårt land i ljos og fred,
det grodde så grønt i lider.
Men atter seig natt på landet ned
med trældom og tunge tider.
Og folket det sukka etter ljos,
og du lyste opp om sider.

Og morgonen rann, og mørket kvarv,
som lenge vår lukka skygde.
Du atter oss gav vår fridoms arv
og honom i trengsla trygde.
Du verna vårt folk og gav oss fred,
og landet med lov me bygde.

Vil Gud ikkje vera bygningsmann,
me fåfengt på huset byggja.
Vil Gud ikkje vera by og land,
kan vaktmann oss ikkje tryggja.
Så vakta oss, Gud, så me kan bu
i heimen med fred og hyggja!

No er det i Noreg atter dag
med vårsol og song i skogen.
Om sædet enn gror på ymist lag,
det brydder då etter plogen.
Så signe då Gud det gode såd,
til groren ein gong er mogen!

Tekst: Elias Blix (1836 - 1902)
Musikk: Christoph Ernst Friedrich Weyse (1774 - 1842)

No comments:

Post a Comment